Medan mange av materiala me nyttar i dag er basert på fossil råvare, er dei fleste av dei nye, innovative og miljøvennlege materiala basert på råvarer som er fossilfrie eller biologisk nedbrytbare. Råvara kan spenne frå resteprodukt frå industri eller jordbruk, til fornybare råvarer eller avfall som elles ville gått til forbrenning. Felles for dei nye materiala er at det sirkulære står sterkt; kor kjem råvara frå, korleis og kvar går produksjonen føre seg, og kva skjer med produktet når det har nådd slutten av levetida. For at eit produkt skal kunne kallast sirkulært, må materialet produktet er framstilt av kunne haldast i loopen så lenge som mogleg, og det må føreligge ein plan for kva som skjer når materialet ikkje lenger kan nyttast.

I tillegg bør materiala ha lågast mogleg, eller ingen, utslepp av CO₂. I EPD-ane kan ein ofte sjå at produkt og materiale av fornybare råvare slår ut med negative tall, som inneber at dei bind meir CO₂ under livsløpet sitt enn dei avgjer ved hausting eller utvinning, transport og produksjon. Ein må likevel notere seg at også desse materiala vil sleppe ut CO₂ ved enden av livsløpet dersom dei går til forbrenning. Det er derfor viktig å ombruka også dei fornybare materiala for å binde CO₂ i materialet lengst mogleg.

Me har samla eit knippe nye, innovative og spennande materiale som utforskar kva som er mogleg i dette landskapet. La oss ta ein titt!

Restar frå skogbruk

Kva med ein stol, ei fasadeplate eller eit sykkelsete laga av papir? PaperShell er eit 100% bio-basert materiale som består av kartong og bio-lim. Råvara er eit resteprodukt frå skogbruk. For å forme materialet, blir det pressa saman til ønska form ved hjelp av varme og høgt trykk. Resultatet er eit solid materiale med mange ulike bruksområde. Produsenten har til og med inngått eit samarbeid med Polestar om å lage verdas første klimanøytrale bil innan 2030. For innandørs bruk trengs ingen overflatebehandling. Fargen kan justerast ved bruk av lågare eller høgare varme under produksjonen. Når produktet har kome til vegs ende, blir materialet samla inn og brent, utan tilgang til oksygen. I ein slik lukka prosess slepp ikkje CO₂ ut i atmosfæren, men blir bunde opp i bio-kullet som dannast. Dette bio-kullet kan blandast inn i matjord og nyttast som gjødsel i landbruket.

Å bruke det ubrukelege

Woolly Silent er ein akustisk absorberande veggflis framstilt av 100% ull. Råvara er eit resteprodukt som stammar frå villsau som går ute heile året på Vestlandet. Ulla har ein kvalitet som er ueigna til tekstilproduksjon på grunn av sin grovheit og det naturleg varierande fargespelet. Den har dermed ingen til låg marknadsverdi. Wolly Silent sin eigenart er derimot eit resultat av den naturlege fargen på ulla, med stor variasjon og spel i materialet. Absorbentane blir framstilt heilt utan bruk av fargestoffar og kan komposterast. Ull innehar eigenskapar som er naturleg brannhemmande, den «pustar» og er antiseptisk, samt at den har fuktregulerande eigenskapar – noko som bidreg til eit sunt inneklima. Materialet er i tillegg lett og luftig og eignar seg derfor godt som akustisk absorbent. Produktet er utvikla av det norske selskapet Bioregion Institute, og produsenten er også i ferd med å utvikle akustiske himlingsplater i det same materialet.

Tradisjon med ein vri

Ålegras har i mange hundre år blitt brukt til taktekking på hus i Danmark. Det undersjøiske graset er elles å sjå i lune bukter, som for eksempel i båthamna. Frå å kle danske tak, har dette materialet no flytta innandørs og tatt steget opp på veggen som akustisk absorbent. I tillegg til å kunne betre akustiske forhold, bidreg Ålegras til termisk komfort, effektiv regulering av fuktigheit, høg brannmotstand og er lite utsett for mugg og bakteriar på grunn av det naturleg høge innhaldet av mineralsalt. Ålegrasenger utgjer eit av verdas mest verdifulle, marine økosystem. I samarbeid med lokale bønder, kommunar og økologar har Søuld optimalisert innhaustinga, med fokus på miljø og vern av naturlege ålegrasenger. Produktet er designa for å vere heilt sirkulært og blir produsert i Danmark.

Naturen sin eigen magi

Kva med litt sopp i interiøret? Mogu har utvikla eit materiale som består av mycelium, som er soppen si forgreining av trådar som vanlegvis veks under jorda, i kombinasjon med resirkulerte tekstilrestar. Produsenten har forska på veksten til den fascinerande organismen mycelium, og funne ut korleis det er mogleg å forme materialet til ulike produkt. Mogu har med dette materialet utvikla både golvbelegg og akustikkdempande produkt, med eit rikt utval av formar og fargar. Materialet er 100% fritt for plast, og er biologisk nedbrytbart. Soppen er naturleg kvit, men produsenten tilbyr i tillegg fargesatte plater med ein måling som er vassbasert, fri for tungmetall og med liten avgassing til innemiljøet. Platene blir montert i eit system som gjer det enkelt å ta dei ned igjen og ombruka dei ein annan stad ved behov. Dersom platene blir øydelagt er dei biologisk nedbrytbare og kan dermed gå tilbake til naturen.

Matavfall i interiøret

CornWall er produsert av restavfall frå mais, nærare bestemt sjølve maiskolben som vert igjen etter at maiskorna er fjerna. 99,5% av materialet er plantebasert. Det resterande er fargepigment som er biologisk nedbrytbart. Overflata blir behandla med eit lag bio-basert, vassavstøtande coating, og flisene kan brukast til dekor på veggar og møblar (men ikkje på golv eller i våtsonar). For å gje flisene lengst mogleg levetid, blir dei festa i eit system utan bruk av lim, slik at dei kan plukkast ned og brukast på nytt. Flisene er biologisk nedbrytbare og kan gå tilbake til i kretsløpet.

 

Kva skjer i framtida?

Det skjer mykje spennande på produktutvikling og innovasjon av materialar for tida. For at framtida skal bli sirkulær er det ikkje tilstrekkeleg berre å forbetre allereie eksisterande produkt og produksjonsmetodar. Det må utarbeidast heilt nye løysingar, metodar og materiale for at me skal slutta å tømme kloden for jomfruelege ressursar og belaste miljøet med ikkje-nedbrytbare og skadelege stoff. Nyskaping som denne artikkelen viser til er det som trengs – og i ein større industriell skala. Her er det bruk for mange kreative materialforskarar og utviklarar i tida framover. Me gler oss til å følgje med på fortsettinga av all den interessante innovasjonen som skal finne stad i åra som kjem.